Innhaldsoversikt Oppdatert 4.mai 2013 Kontakt oss på: |
Eit nålefiltbilde blir til |
|
| Redskapa
ein treng til å lage nålefilt er: * ei skumgummipute til å legge ulla på * filtenåler * ull |
||
| Filtenålene
har små "mothakar" på spissen som gjer at
når ein stikk nålene ned og opp i ulla vert ulla filta
saman. Ein bruker ein nålehaldar for å halde i nålene.
Ein kan bruke haldar til mange nåler, som over, når ein
skal lage store flater. Ein bruker ein haldar med berre
ei nål når ein skal lage detaljar. For dei som har vore borte i toving av ull med vatn, kan ein seie at dette er toving utan bruk av vatn og såpe. |
||
| Ein startar med eit tjukt lag med ull på skumgummiputa. Ein brukar då nålefilthaldaren med fleire nåler og stikk ned i ulla mange gonger. Slik vert ulla filta og startar å bli "flat". | ||
| Etter kvart dannar det seg ei "grop" i ulla der den er filta saman. | ||
| Når eg er nesten ferdig med heile "flata" brukar eg ei enkelt nål til å lage "brettekant" på ulla. | ||
| Så brettar eg ulla "utanfor" kanten inn over bildet og starter å feste den. På denne måten får eg ein ganske bein kant på bildet. | ||
| Etter kvart vert all ulla festa flat på det som vert basisten for sjølve bildet. | ||
| Slik ser basisen ut når den er ferdig filta. - sett frå sida. | ||
| - og sett ovanfrå. Som du ser er den ikkje spesielt "jevn" - men det rettar seg ut etter kvart som ein filtar meir og med finare nåler. | ||
| På baksida festar eg små messingringar til billedoppheng. Eg festar dei ved å tre ein "bunt" med ull gjennom dei... | ||
| ... og så nåler eg det fast på baksida. | ||
| Så er det tid for å starte på sjølve bildet. Her legg eg på blått som skal bli himmel - og filtar det fast ved å "køyre" nålene opp og ned i ulla. | ||
| Etter kvart legg eg på fleire fargar - mørkeblått til fjerne fjell - grønblanding til skog og bakke nermare meg. | ||
| Ein liten kvit "dott" blir til bre på fjellet i det fjerne. | ||
| Grønt vert lagt på for å danne famgrunn. | ||
| Og
til sist legg eg på blomar og greiner som dannar
framgrunnen. Og så er bildet frå Nos ferdig... |
||
| Som de ser er det eit omfattande
arbeid å lage nålefilt også. Men det er veldig moro!
Har du spesielle motiv du ynskjer foreviga, kan eg prøve
meg på dei - men eg vil ikkje love resultatet. Som eg
stadig hevdar: Eg er ikkje kunstnar! Eg er berre litt
meir kreativ enn gjennomsnittet. Send meg ein e-post, så blir vi nok einige. E-post til Hege |
||