Innhaldsoversikt Kontakt meg på: |
Fusing frå Skogane Sist oppdatert 5.mai 2013 Frå Skogane kan du no få kjøpt fat, skåler og pynteting i fusa (smelta) glas. Her ser du eksempel på produkt eg har produsert til no. Alle mønster kan endrast i storleik, og glasset varierer svært mykje i utsjånad. Alt etter kva brennprosess eg bruker kan også overflata på glaset endre seg. Ta kontakt med meg om du ynskjer å bestille noko frå Skogane glassverkstad. --- Skål forma av eit firkanta glasfat. Krev to brenningar - først fullfusing der to lag glass blir smelta saman, så ei fusing der glaset "sig" nedover ei form.
Fat forma av eit firkanta glasflak. Krev to brenningar - først fullfusing der to lag glass blir smelta saman, så ei fusing der glaset blir slumpa ned i ei form.
![]() ![]()
Sommarfuglar - ei brenning av to lag med glas. Lite fat i båtform. Som over er det først to lag glas som blir smelta saman i fullfusing før ein "slumpar" det ferdige glaset ned i ei form.
Små t-lysestakar av to lag glas som er slumpa i ei form.
Eksempel på "småpynt" som kan henge i glas, eller stå på sokkel.
Litt større pynteting.
Lysfat.
|
| Eg har
så vidt prøvd meg på smykker. Dette er noko eg ikkje
trur eg kjem til å jobbe mykje med. Men éit sett syns
eg vart veldig fint. Det er designa av mi eldste datter
(ho var då 8 år) som gave til ei veninne av henne... |
|
| Ynskjer du å bestille
fusa arbeid frå Skogane kan du sende ein e-post til meg. Ei oversikt over alle produkt eg har på lager finn du på facebooksida til Skogane glassverkstad. Du kan gå inn og kikke på bilda sjølv om du ikkje har facebook!!! |