Innhaldsoversikt Kontakt meg på: |
Tiffany frå Skogane Sist oppdatert 4.mai 2013 Frå Skogane kan du få kjøpt ulike produkt laga i såkalla tiffany teknikk. Dette er ei forenkla og mindre utgåve av dei meir kjende glassmaleria laga i blyglass. Med tiffany kan eg lage både flate "bilder" samt tredimensjonale figurar. Her ser du eksempel på produkt eg har produsert til no. Alle mønster kan endrast i storleik, og glasset varierer svært mykje i utsjånad. I tillegg kan loddelinjene vere svarte, messingfarga eller blanke (sølvfarga). Eitt og same mønster kan difor ha svært ulike uttrykk! Store englar frå amerikansk mønster.
Fuglar i ulike variantar, også amerikanske mønster.
Små engler til å henge i vindauget, mitt eige mønster.
Engel laga av resteglass Kross med stein i midten. Laga i éit eksemplar.
Julekrybbe er mitt mest populære produkt. Her kan ein plassere lys bak "stallen" og den heilage familien er plassert på framsida. Det er mykje arbeid å lodde "stjerna" så eg er i ferd med å forenkle den. Bilder av alternativ krybbe vil kome.
Lovsong Madonna Due Stjerne Juleklokke Englar til å henge i vindauget:
Stjerne - fotografert frå begge sider
Fisk framside til venstre, bakside til høgre
Panel med sommarfuglar til å henge i vindauget - fotografert frå begge sider
Sommarfuglar til å setje f.eks i ei blomsterpotte T-lysestake eller blomsterkrukke - bruk den til det du vil.
Panel med rose til å henge i vindauget: Her ser du same rosa som over, men med fire ekstra bitar som dannar blad.. Framsida til venstre, baksida til høgre.
Ved bestilling kan du oppgi kva hovedfargar du ynskjer bildet, engelen osv. skal vere i. Eg vil då forsøke å finne glas som passar dine ønskjer. Eg brukar både maskinlaga og handlaga glass i produkta. Til eksempel er sommarfuglbildet og "t-lysestaken" i sin heilheilt laga av handlaga glass, medan englane består av både handlaga og maskinlaga glass. Det blå glaset i englevingane og det blå glaset som er bakgrunn på rosebildet er maskinlaga. Ynskjer du å bestille tiffany arbeid frå Skogane kan du sende ein e-post til meg. Ynskjer du å sjå kva produkt eg har på lager til ei kvar tid finn du det på facebooksida mi, som du kan gå inn på sjølv om du ikkje har facebook. Får du det ikkje til, kan du sende meg ein e-post, så kan eg sende deg bilder av det eg har liggande. |